Dublin er pop, preik og poesi. Dublin er latter, spøk og sorg. Den irske hovudstaden har også vore viktig for forfatteren Frode Grytten.
I denne boka skriv Grytten fram sitt eige Dublin. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth tar han deg med ut i Dublins levande gater, inn på pubar og veddeløpsbaner.
Du får møte stupfulle rockestjerner, stolte bypatrioter og blodige cupfinalistar i gælisk fotball.
Gjennom tjueto vittige og rørande kapittel år du ein smak av eit Dublin bortanfor dei tradisjonelle guidebøkene.