Forlaget skriv om denne boka: Mor til Margaret er kunstnar og ho lagar eit fantastisk kostyme som Margaret skal bruke på juleforestillinga dramagruppa skal ha.
Der går Anja og Mia, Margarets beste venninner, men også den kjekke Bjørnar. Margaret merkar det intense blikket hans så det kitlar i magen. Men av og til blir mor hennar så trist og lei seg at det nesten er skummelt for Margaret og faren. Dei må liste seg rundt i huset, og Margaret blir redd for at mora ikkje skal bli bra nok til å bli med og sjå på juleforestillinga hennar. Det er godt ho har Bjørnar å tenkje på.