Forlaget skriver om denne boka:
Lukta av innestengt luft kom mot meg i det same vi opna døre i hytta. Det dufta støv og sommar og treverk og tjøre. Og meir: daude fluger i vindaugskarmen, blåsvarte. Smaken av leverpostei, då vi sat ved kveldsbordet. Brunleg, feit leverpostei saman med krydder som ripa i tunga, og ferskt brød. Den svarte botnen i den store kaffikjelen var som ein beksjø ein kunne forsvinne i. Teen med mengder av sukker i, var fyldig, nesten seigtflytande, som lava. Det ulne i strikkejakkene og fanagensrane gnissa mot treverk, mot hus og metall, som eit rart vindbrus ein haustmorgon.
Asbjørn fortel si historie frå oppveksten på ein liten stad på Vestlandet. Han reiser heimanfrå, til landsgymnaset på Voss, der han kjem i kontakt med den kristelege elevgruppa på staden. Han finn etter kvart sin plass i miljøet der, men endar opp med å ta ei avgjerd som bryt med forventningane stilt til han. Forteljinga er ein oppvekst- og danningsroman frå norsk etterkrigstid; eit portrett av samfunn, foreldregenerasjon og av dei unge, som med utdanning vart ført bort frå det samfunnet dei vart fødde inn i.
Boka kan også lesast som ein kunstnarroman og ein kjærleiksroman.