Svært mykje av Skjervheims tenking var respons på tendensar i samtida og han var like mykje samfunnsdebattant som akademikar. Biografien gjev derfor også eit "intellektuelt periodeportrett" av Noreg, der viktige ideologiske og politiske debattar etter krigen blir skildra.
For første gong får vi no eit samla oversyn over livsgjerninga til filosofen og skribenten Hans Skjervheim (1926-99), ein av dei mest markante norske intellektuelle etter krigen.