Forugh Farrokhzad (1935-1967) vert sett på som ein av dei viktigaste moderne poetane i Iran. I iransk litteratur finst det ein lang tradisjon for ein poesi som er definert av faste rytmemønstre og metaforer og med ein frodig bruk av ornametikk. Den moderne lyrikken braut med desse estetiske normene, og Forugh Farrokhzad deltok sterkt i denne nyskapinga. Diktinga hennar rører seg i grenselandet mellom klassisk, tradisjonelle og moderne former, i klar kontrast til den høgstemte og meir livsfjerne tradisjonelle poesien.