Forlaget skriver om denne boka:
Finst den korrekte barndomen? Den korrekte måten å leva på? Og med bakgrunn i 11. september 2001; kva vil det seie at noko er monstrøst? kan det utryddast? Erling Indreeide skriv om teknologiutopisme i breid forstand; troen på at livet kan kontrollerast, og om kva som går tapt i det ikkje-målbare og uomsetjelege. Essayet er breidt anlagt og satt saman av diskusjonar kring dagsaktuelle døme, meir poetiske soger samt omgrepsteoretiske tekstar som lét eit samanhengande eksistensielt tankesystem koma gradvis til syne. Under tankesystemet ligg ein hyllest til den ikkjemålbare kjærleiken.
ERLING INDREEIDE (f. 1945) debuterte med diktsamlinga Trakter i 1972,og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, eit musikkdrama, ei gjendikting, barneboka EPLEkosMOS samt Reiser seg og går (1993) og Tann for auge (2001) med genrebeteikninga soger. Mistru den som ikkje er nostalgisk er manuskriptet som var basis for Obskurteateret, Det Norske Teatret, 2000.