Forlaget skriv om denne boka:
Ei slentrande, personleg og sjarmerande minnebok, frå ein fargerik og markant mediekjendis, journalist og kommentator. I boka vert det avslørt både muntre og meir alvorlege episodar frå eit mangslungne yrkesliv. Boka vart ferdig like før Herbjørn Sørebø diverre gjekk bort 29.03.03.
Den raude tråden i boka er eigne røynsler frå eit liv i presse, radio og TV, kombinert med miniportrett av kollegaer, politikarar, kunstnarar og andre særmerkte personar han møtte i og bak studio og korridorar i Stortinget og på Marienlyst. Boka er rikt illustrert med originale fotos og mange karikaturar.