Bodø, 1987. Stian er elleve år gammel. Han og veslesøster Sara ventar på at pappa skal komme heim frå kurs i Oslo. Men pappa kjem ikkje. Mamma drikk vin og sit oppe til langt på natt og ring rundt til folk og seier: "Eg er ikkje bitter." Ho er ekkel, synest Stian. Han vil til pappa. Når han berre finn pappa, vil alt ordne seg. Pappa si forsvinning er ei opplagt sak for Svarte Ørns detektivklubb. Men partnaren Lars vil heller høre på Samantha Fox og gå på fest med jentene i klassen. Ingen kan stoppe meg no er ei barndomsskildring for vaksne. Det er Endre Lund Eriksen si andre bok etter debuten i fjor med Pitbull-Terje går amok, som han fikk Kulturdepartementets barnebokpris for, og som er selt til fleire land.