Forlaget skriver om denne boka:
Denne boka set søkjelyset på sentrale trekk ved den norske dramatikken i etterkrigstida. Artiklane i boka viser breidda i norsk dramatikk frå 1950-talet og fram mot 1990-talet, ein periode da ulike dramatiske retningar gjer seg gjeldande: det lyriske dramaet, det brechtinspirerte dramaet, det politiske teateret, grusomhetens teater, det karakterlause dramaet og det performative teateret.
Verk av viktige norske dramatikarar som Jens Bjørneboe, Aslaug Vaa, Sverre Udnæs, Ola Bauer, Cecilie Løveid og Jon Fosse blir analyserte frå ulike innfallsvinklar. Ei av innsiktene som blir formidla, er at dramateksten i stor grad tillet eksperimentering, både med innhald og med form. Denne kreative fridomen har dei norske dramatikarane brukt, og resultatet er eit mangfald av dramatiske uttrykk. Tendensar i moderne norsk dramatikk er den første boka som gir ein samla gjennomgang av eit felt som hittil har vore lite utforska. Boka oppmuntrar dessutan til ei framtidig dramaforsking der dei tradisjonelle faggrensene er brotne ned.
Boka er tverrfagleg lagt opp med bidrag frå litteraturvitarar, teatervitarar og dramaturgar.