Forlaget skriver om denne boka:
Innbrotstjuven reiser seg.
Peder ser at det ikkje er ein vaksen innbrotstjuv.
Han er om lag så stor som Peder.
Og han er glattbarbert på hovudet.
Peder stirer på den kvite skallen.
Han ser tusenvis av små svarte prikkar der.
Hår som vil ut.
Peder lèt att døra.
No er dei to aleine inne på kottet.
Innbrotstjuven og Peder.
Peder slepper ikkje nakkegrepet.
Han tvingar innbrotstjuven til å setje seg på den låge skobenken som står her inne.
Peder og innbrotstjuven sit tett inntil kvarandre.
- Kva ville du stele?
- Ingenting, svarer innbrotstjuven.