Forlaget skriver om denne boka:
Denne diktsamlinga fjernar seg frå Eithusmellomandre - eller kan lesast som eit framhald av boka frå 2003. Slutningartilknes er enklare i lyd og fargar, men oppviser utdjuping av tema og kjem med nye påstandar. Scenene er mange, og "det biologiske mangfaldet" stort. Rytmen vekslar og kan ta til seg vers-meter, midt- og enderim og overraskingar. Rykkjas dikt reiser i tid og rom, og no i natur, og zoomar inn menneska og småstaden ved Skagerrak. Dette er litteratur med tilhøyrande røynsle, men slutningane er til knes, berre til knes og ikkje til halsen.