Forlaget skriver om denne boka: Egkleddemegnaken. Kvenvareg, somstodernakenmidtpågolvetieitframandthus? Egvareinsmygar.
Ei sprudlande samling av noveller: om ungdom i lengt og kåskap, om draumetyding og eit rom fullt av elefantar, om det første og siste kysset, om hunden som øver på talen sin, om eit sjølvmord og eit stillferdig siste sukk, og om den blodige kampen for å bli vinnar mellom dei som er innestengde i Big Mouse.
Bak denne viltre blandinga av tekstar ligg ein undertone av kjærleik til mennesket i alle sine merkverdige forsøk på å leve og overleve.