Forlaget skriver om denne boka:
Åsmund er snart seks, og har ein kamerat som er ein god del eldre: Ivar. Han eig ein gammal traktor og bur saman med Utsira på den vesle garden like ved. Åsmund likar å sjå på når Ivar køyrer traktoren, og av og til får Åsmund styre - når traktoren står stille. Men når vinteren kjem, seier Ivar at han vil flytte på sjukeheimen, for der har dei så god søtsuppe - og ein garasje full av nye traktorar!
Det er blitt haust, og når Åsmund kjem på besøk no om dagen, er det ingen traktor å sjå på tunet. Men Ivar vil ikkje svare på spørsmåla frå Åsmund, her er det noko hemmeleg...