Moa har kjent Samuel heilt sidan barnehagen. Ho trur ho veit akkurat korleis han er: den mest bråkete fyren i klassen, men også ein racer til å kjøre skateboard.
Men denne fredagen - når ho skal gå på ungdomsskolediskotek for første gong i sitt liv, og i staden blir tvinga til å sitte barnevakt - kven er det då som ringer på døra? Jo, Samuel. Og i armane har han ein MammaMoa-pizza! For å trøyste henne. Kven skulle trudd det om Surre-Samuel?
Ikkje har ho lagt merke til at auga hans er så blå heller ...
Når han vil lære henne å kjøre skateboard, seier ho ja. For det gjeld eit veddemål. Moa kan ikkje la Samuelta det veddemålet. Sjølv om alle veit at jenter ikkje kan skate!