Forlaget skriver om denne boka:
ARV
Det var ei gong ei mor som hadde tre søner som heitte Per, Pål og Espen, dei ville ut å freiste lykka. Det var ein gong tre brør som hadde ei død mor og tinga etter henne og rett i søpla med dei. Det var Per og Pål og Espen og nett slik det skal vera, eg fann eg fann, kva fann du, kast det, eg har slikt å gjera og bera. Har slikt å bera, og det var nytt skin og søpla full av gull, det var gullgravarbrør og søkk i stolen. Dei gjekk og gjekk, det var mor i stolen. Gjekk og gjekk, kom aldri fram til døra.
LINEDANS
"Det var ikkje mi skuld." "Sjølvsagt var det ikkje di skuld, det var ikkje nokon si skuld." "Nokon si skuld var det." Line er i ferd med å døy. Ved sjukesenga står foreldra Var og Streng og kjærasten Finn, kjempande om retten til Lines liv og død.