Er det slik? At noko kjem på toppen av alt, slik at det blir forferdeleg? Ja, at noko tilfeldig og lite skjer, så det bikkar heilt over?
Noko ville skje. Noko med Hanni og meg. Men kva? Eg visste ikkje.
Det har gått mange år no og mykje har blitt annleis. Ein dag får Espen eit postkort frå fotballkameraten Hanni. Det får han til å tenkje attende på alt som skjedde mellom dei. Er det muleg å gjere noko som helst no, så lenge etterpå?