"Eg har gitt mobilnummeret mitt til mange, men kva er vitsen når ingen ringer? seier kakeetaren utan sjølvynk i stemma. Grete nikkar medfølande utan å vilja ha hans nummer inn i sin telefon. Men han seier ikkje meir, et berre kaka si og drikk Farris til."
Kvardagen går på tomgong. Livet er komme inn i feil hakk. Likevel må ein finna ut av det. Då kan ein god pudding eller litt frodig fantasi vera til hjelp.