Forlaget skriver om denne boka:
Flokken og skuggen viser tydelegare enn nokon gong kor nært bunden til naturomgjevnadene Eldrid Lundens poesi oftast er. Det verkar som den har sprunge ut av impresjon og refleksjon i ein umiddelbar og gjensidig prosess. Hos Lunden er tanke og bilde organisk sameina på ein måte som skil seg både frå den resonnerande poesien og metaforlyrikken. Vi finn også ei vidareføring av eit anna trekk, nemleg den parallelle bruken av svært ulike poetiske diskursar, som om forfattaren lever fleire poetiske liv, samtidig. Den nye boka av Eldrid Lunden nærmar ein seg kanskje best gjennom å stille seg lyttande og la samspelet i tekstane presentere seg sjøl, til motiv og tema klårnar. Lese. Legge vekk boka. Lese igjen. Slik ein lyttar til musikk, for eksempel. Kva handlar så Flokken og skuggen om? Om det utsette og sårbare mennesket. Og om gleda over livet. Om det heilt nære, og om vår eiga tid langt i det fjerne. Om døden, verdsaltet og æva. Store spørsmål? Ganske visst.