Mor og far drar på ferie til London - utan Elise!
Bestemor blir sett til å passe henne ei heil veke, og det viser seg at bestemor er sprøare enn Elise hadde trudd. Innimellom dei merkelege påfunna til bestemor grublar Elise over spørsmål som: Korleis kan ho oppføre seg viss ho ikkje skal vere for snill og heller ikkje for vill?
Og: Korleis kan ho vite om ho er forelska i Thomas eller ikkje?
Heilt passeleg vill er ei bok om vennskap, forelsking, framande menn på motorsykkel og piknik i Vigelandsparken midt på natta.