I året 1810 kjem den unge, foreldrelause Mary Yellan til tanta og onkelen sin på vershuset Jamaica i Cornwall, det ville, forblåste landskapet vest i England. Men ingen ting er som ho trudde: Onkelen, den svarthåra kjempen Joss Merlyn, er ein tyrannisk råtass, og tante Patience er kua og redd. På vertshuset kjem berre det verste pakk; godtfolk held seg langt unna. Og snart går det opp for Mary at Jamaica er ein stad med fæle løyndomar...
Ved sida av "Rebecca" er dette den mest populære av dei mange romantiske spenningsbøkene til Daphne du Maurier. "Vertshuset Jamaica" er filma fleire gonger, m.a. av Hitchcock.