Mange kjenner han frå historiene om den vesle tigeren og bjørnen, som har selt i millionar på verdsbasis. No er den poulære forfattaren og illustratøren Janosch tilbake i kjend stil med sin heilt personlege versjon av eventyret om bymusikantane i Bremen.
Dette er eit av dei mest kjende eventyra etter brødrene Grimm, og allemannseige i Tyskland. Fullt så kjent er det ikkje her til lands, men mange vil nok nikke gjenkjennande til historia, som Janosch gjenfortel så levande, både i tekst og ikkje minst i bilete. Teksten er sett om til norsk av forfattaren Ragnar Hovland.