TO UNGE NARNIA-FANS møtest på nettet. Inspirerte av C.S. Lewis' bøker, bestemmer dei seg for å rømme - og finne si eiga draumeverd, sitt Narnia. Ein av desse to er veslesøster til Jo Idstad, 14 år gamle Hedvig. Når ho forsvinn, rasar alt saman for Jo. Men så finn han mailane. E-postane mellom søstera g den mystiske Digory. Kven er han? Er han farleg? Og kva er det han vil med Hedvig?
Narnia-draumer er ein frittståande oppfølgjar av Keeperen til Tunisia (2002), den kritikerroste debut-romanen til Lars Mæhle. Det er ei fengslande forteljing om ungdom med psykiske vanskar, om leiting etter meining, om mørket og mismotet, men óg om det vakre, om venskap og håpet om ei betre verd.