Ein jazzspelande naturfaglærar frå Sverige opplever ei krise. Han forlet sjukepleiarkjærasten sin, kjøper ei gammal likvogn og reiser til ei vestnorsk bygd. Her får han, på falskt grunnlag, jobb som kyrkjeverje då den gamle nett er død. Han møter Lise, sekretær på kyrkjekontoret, som han innleiar eit forhold til.
I eit sterk og ekspressivt språk skriv T. Hellesen fram eit mørkt og gåtefullt univers. Prosjektet er avansert og ambisiøst, prega av eit høgt refleksjonsnivå, og i sjeldan stor grad verd å lese.