Forlaget skriver om denne boka:
Ei midtsommarsoge
Ei spennande forteljing som byggjer på norsk folketru. Vi er i ei lita grend, og sommaren nærmar seg, den tida då buskapen skal til seters.
Heile den lange vinteren er det tussefolket som bur i seterhusa, men når menneska kjem, må dei flytte ut det gjeld å komme unna i tide! Då vesle Mari og Gamle Anna kjem inn på setervollen, er tussane borte, men dei har gløymt att ei pipe og eit vakkert sjal. Dei magiske kreftene i allnaturen er ekstra sterke denne natta, og i timen før midnatt kan alt som lever, tale menneskespråk. Det blir stor dramatikk, og også romantikk, både blant menneske og tussar!