Forlaget skriver om denne boka:
Ei sprudlande bok om kjende og ukjende sider ved vårt nest nordlegaste fylke.
I denne boka tek Kine Hellebust oss med på ei annleis reise gjennom Troms, fylket som rommar alt frå Pussycats til geitehald, frå Muhammed til Læstadius, frå vikingsaga til lys levande hekser, ville fjelltindar og fastfrosne jagarflypilotar. Boka er rikt illustrert av kjende tromsfotografar. Kine Hellebust er tromsværing, artist, komponist, forfattar og innehavar av ein motorsykkel.