Forlaget skriver om denne boka:
Vi skal kle fjellet med menneske og våpen er romanen om Tor Jonsen, som kjem til Oslo på 60-talet for å studera eller døy - og for å lesa William Blake. Og som frå studiesirkel i marxisme på Ammerud hamner djupt inne i ml-rørslas kretsar, blant skinnjakkene, Morgan Kane-lesarane, romantikarane og fanatikarane.
Vi skal kle fjellet med menneske og våpen blir med det ein roman om eit av dei merkelegaste fenomena i nyare norsk historie, om brennande overtyding, om ubegripelege standpunkt, om idealisme og rå maktkamp, om ml-rørslas store vekst og djupe fall.