Dette er den første samla framstilling av fotografiets historie i Noreg, frå daguerreotypiet på 1840-talet til dagens digitale teknologi.
Boka følgjer utviklinga både når det gjeld teknikk og ulike sjangrar: frå portrett-, landskaps- og dokumentarisk fotografi på 1800-talet til reportasjefotografi, familiefotografi og kunstfotografi på 1900-talet. Forfattarane skildrar korleis fotografiet i løpet av denne perioden har fått ein stadig større plass både i det offentlege og det private rommet. I framstillinga blir fotografiet diskutert ut frå eit dobbelt perspektiv ikkje berre som estetisk objekt, men også ut frå dei sosiale funksjonane det har hatt opp igjennom tidene.
Boka er gjennomillustrert i fargar og vender seg til kunsthistoriestudentar, mediefagstudente og det fotointeresserte publikum.
Peter Larsen er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Sigrid Lien er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen.