Forlaget skriver om denne boka: Rasmus Løland (1861-1907) frå Hylsfjorden i Ryfylke er ein pioner i norsk barnelitteratur. Han kom frå eit ressurssterkt gardsmiljø, viste tidleg talent for skriving, men var heile sitt korte liv ramma av sjukdom. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først som 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv.
Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei fremste realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paasjølstyr og Detstorenashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorskintellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17.de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose.