Jolver Nilsen oppdagar ein dag, like før femtiårsdagen sin, at han ikkje har lyst på kvinner lenger. Det er ein ny og uventa fridom han nyt i fulle drag. "Heller ei kake enn ei kvinne," tenker han.
Men han lurer på kva det er som driv han til å vera som han er. Kan han bli meir utvikla og få eit betre liv? Han begynner på meditasjonskurs i håp om å finna ut av det. Og han prøver å få seg kameratar, for å bli del av noko godt, betydingsfullt og moro.
Det verste er likevel at han synest kona er blitt så ekkel å sjå på. Han synest det er fælt å sjå korleis tida har gått laus på hans eigen kropp også.
På femtiårsdagen sin seier han det plutselig til henne. At han synest ho er blitt ekkel. Og det er berre nokre timar til gjestene skal komma.