Forlaget skriver om denne boka:
Dette er noko så uvanleg som ei heil bok om R.
På lett og underhaldande vis fortel Arne Torp om denne merkelege lyden, som eigentleg ikkje er éin lyd, men mange. Torp tek lesaren med på ei reise rundt i munnhola, frå drøvelen til tungespissen. Både rulle-r og skarre-r har sin plass i det norske språket, men forfattararen viser òg at r-en har fleire lydlege slektningar: Den tjukke l-en er til dømes veslebror til r-en og stamfar til retrofleksane, som samtidig også er avkom etter r-en.
Forfattaren dreg også ut i Europa på jakt etter "ur-r-en og fortel historia om korleis skarre-r-en har spreidd seg. Korleis oppstod eigentleg skarringa, var det ein smittsam talefeil, ein mote skapt ved det franske hoffet, eller noko heilt anna? Kva er framtida for skarre-r-en, vil alle nordmenn skarre om nokre år? Alle desse spørsmåla får eit svar i boka.