Birkedal auser av heile sitt register, og det er eit stort, godt og vennleg register, der teksten blir ei sommarleg elv som renn og renn og buktar seg fram gjennom både kjende og meir draumeaktige og gåtefulle landskap. Det dreier seg om hytteminne, sommarminne og barndomsminne. I boka står det at hytta er ein annan stad i ei anna røynd, må sjåast frå ein annan vinkel. Og Birkedal har funne den rette vinkelen. Han viser oss hytterøynda, med både humor og alvor, syngande og stilsikkert.