Forlaget skriver om denne boka:
Hallvard gler seg slik til julekvelden, for då kjem storebroren heim til jul, og i kista si har han visst med ein skinande ny tinnsoldat til kvar av småbrørne sine.
Men timane går og storebroren gir ikkje teikn til å skulle gå i kista etter gåver. Kanskje han ikkje har med noko likevel? Hallvard bestemmer seg for å smugkikke i kista, og då skjer det som absolutt ikkje måtte skje &
Rasmus Lølands over hundre år gamle forteljing om Hallvard er ei imponerande skildring av korleis barnesinnet kan stri med skam og sinne etter å ha gjort noko strengt forbode. Boka er illustrert av Espen Friberg og språket er gjennomarbeidd av Arnt Birkedal.