Forlaget skriver om denne boka:
Jærdiktaren Torvald Tu (1893-1955) hadde eit stort publikum og var i mellomkrigstida kjend og elska over heile landet. Han var særleg populær som dramatikar, men han skreiv også romanar, eventyr, stubbar og dikt.
Folkekomediane hans blei oppførte med stor suksess over heile landet. Alf Prøysen var av dei som nemnde Torvald Tu som ei viktig inspirasjonskjelde.
Tu henta motiv og stoff frå bygde- og bondemiljøet på Jæren. Han hadde jærdialekten som kjennemerke, eit skarpt blikk for typar i lokalmiljøet, og skildra folk med innsikt og varme. Under den lune humoren låg alltid alvoret.
I tillegg til ein fascinerande diktarkarriere hadde Tu ein interessant livslagnad. Han kom frå små kår og sleit heile livet med økonomien, trass i suksessen. Det meste av sitt vaksne liv levde han saman med pianisten Trygve Stangeland i Mosberghagen, huset dei bygde på Klepp.
Jan Olav Gatland er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. I denne boka teiknar han eit fintportrett av den no nesten gløymde diktaren og lagnaden hans. Han følgjer forfattaren gjennom debut og oppgangstider, motgang og tyngre tider, og lar oss bli kjend med Tu som menneske og kunstnar.