Kan språket føre til verdas undergang?
Kampen mellom det gode og det onde omsluttar oss. I dag kjempar ein mot terror og ondskapens akse så vel som klimautslepp. Om ein undersøker språket og argumenta, bileta og forteljingane i slike kampar - kva finn ein då? Jau, påstanden om verdas ende.
I Apokalypse nå igjen? finn Simon Malkenes bevis på at både George W. Bush, konspirasjonsteoretikarar og Kristian "Greven" Vikernes bruker det same språket - eit språk fylt av gode og onde krefter som kjempar om verdsherredømmet, eit språk som lover paradis.
Det er ikkje berre CO2, atombomba og Osama Bin Laden som trugar verda, det er også språket. Verda er fanga i apokalypsens retorikk, og då kan det berre gå éin veg - mot undergangen.