Forlaget skriv om denne boka: Ferje-Petter såg på klokka og tenkte at han skulle vente i det lengste med å vinke om bord bilane. Taxi-Arne brydde seg som vanlig ikkje om signal frå ein slik lowlife som Ferje-Petter. Han skulle på sjukhuset for å sjekke prostataen, det visste alle som hadde tatt taxi den siste månaden. Da han passerte Ferje-Petter, peikte han ned mot skrittet og kryssa fingrane. Ferje-Petter tok seg sjølv i å gi ham tommelen opp og mime lykke til i sakte bevegelsar.
Offa - forteljingar frå ei øy er ei samling med 21 fiktive historier frå Giske utanfor Ålesund. Her møtar vi Joggaren, Sladre-Guri, Fitte-Per og dei andre. Historiene strekkjer seg over ei periode på 40 år og omhandlar mellom anna ein verdsrekord, ein tur til Norway Cup, ein skummel neger, kjærleik og død. Alt forteljast med oppsiktsvekkande mykje humor og varme. Offa - forteljingar frå ei øy er så lokal at den blir universell.