Forlaget skriv om denne boka: I desse mørke, men også morosame novellene møter vi kvinner og menn i ulike fasar, forhold og situasjonar: Ei kvinne er fanga i forholdet til ein valdeleg mann, ein mann gløymer brillene sine då han skal møte elskarinna, ei kvinne ordnar gravferda til sin avdøde, separerte mann, ein mann blir letta over at elskarinna blir påkøyrt av trikken.
På ein skarp og medrivande måte lar Rønnaug Kleiva lesaren kjenne på kjærleikens ulike temperaturar.