Det vert sagt at "eit bilete seier meir enn tusen ord".
Vås, meiner forfattar Sigmund Falch. Eit bilete kan nok kanskje mumla litt forsiktig i krokane, men det er fyrst når det får hjelp av orda, at det verkeleg talar til deg med klar og tydeleg røyst. I denne boka set Falch ord til gamle bilete på sin måte, og resultatet har vorte overraskande og morosamt - til tider nesten absurd. Gjer deg klar for ein god latter!