Æresdrap er ei avslørande og tragisk forteljing om øydelagte liv. Den kjente tyrkiske journalisten Ayse Ondal har intervjua menn som har drepe mødrer, søstrer og døtrer, og lar oss slik komme nær innpå motiva og kjenslene deira. Ho rullar opp bakgrunnen for morda, og vi får innblikk i kultur, samfunn, familiar og menneskeliv som kanskje verkar framande, men som altså finn stad i vår eigen verdensdel.
Dette er forteljingar til å bli klok av. Boka er eit unikt historisk dokument som gjer leseren i stand til å forstå kva menneske kan drive det til i æras namn.