Faren vår er gal etter utsikter. Utsikter som plent skal takast bilde av. Med oss framforbi. Restaurant Stratos ligg i 14. etasje. Med ein terrasse ikring, ein diger som det går an å gå rundt.
Magen min krøllar seg. Eg har ikkje det minste lyst til å vera med på det dumme familiebildet. I alle fall ikkje når det må takast der, bortved kanten.
Ei historie om høgdeskrekk som nesten smittar over på lesaren!