Forlaget skriver om denne boka:
BARN OG UNGE I DET NYE MEDIELANDSKAPET
Dagens barn og unge er oppvaksne midt i medierevolusjon. Dei har tilgang til mange fleire medium enn tidlegare generasjonar, og media er intergrert i kvardagen deira på ein annan måte enn før. Det er særleg PC og mobil som har gjort sitt inntog dei siste tiåra, med nettsamfunn, chatting, dataspel og SMS som populære kanaler for dei unge. Samstundes har TV halde på posisjonen sin som det sentrale barne- og ungdomsmediet. I denne boka undersøkjer forfattarene korleis barn og ungdom lever i det nye medielandskapet. Korleis bruker barn og unge ulike media? Kva betyr media for dei, og korleis verkar dei inn på identiteten deira? Kva rolle spelar media i dagens kommersialiserte barne- og ungdomskultur?
Dei nye media har reist nye problemstillingar om unge og medium - vi har fått bekymring om påverknad frå dataspel og om stillesitjande oppvekst framfor skjermen. Forfattarane tek utgangspunkt i mediebruken som praksis, der barna sjølve er aktørar og fortolkarar. Alle media inneber både mulegheiter og risiko, og utfordringa er å gjere barna til kompetante, kritiske og reflekterte brukarar.