Arnfinn Nordbø kom ut av skapet som homofil i det norske bedehusmiljøet og skapte bølgjer ein ikkje skulle tru var muleg i våre dagar. Ved å fortelje sanninga, opplevde Nordbø ikkje berre å miste det nære forholdet han hadde til familien sin, men også til omgangskretsen og heile det kristne miljøet han hadde vore ein del av.
I denne boka fortel han historia si. Om å vekse opp i ein stor og trygg familie, om livet i meinigheita, om forkynning, song og musikk. Men òg om skyldkjensle og sterk fordømming. Å stå fram som homofil i eit slikt miljø krev eit mot som få kan førestelle seg - blant tenkjemåtar og reaksjonar som for dei fleste er opprørande. Deretter begynner det møysommelege arbeidet med å byggje opp eit nytt sosialt liv, ei ny tru og ei framtid der fridom og kjærleik er muleg.
Ledig Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
(Avd.: Sølvberget, Magasin U2 - Plassering: Rogalyd NOR) Ikke til utlån
Husk denne
Ledig Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
(Avd.: Sølvberget, Magasin U2 - Plassering: Rogalyd NOR) Ikke til utlån
Husk denne