Penisen hans er skeiv
truleg fordi han har sete
attmed den fagraste jenta på skulen
i tre år
utan å seie eit ord
I denne diktsamlinga skriv Hans Sande om dei store kjenslene. Her er både gapskratt og alvor, sprelske dikt om kroppar i forvandling og stillferdige dikt om lengt og einsemd. Han skriv sterkt og vilt om korleis det er å vere både størst og minst i verda, og om kor veik og uovervinneleg du er når du er seksten år og skikkeleg forelska. Ei diktsamling for alle som prøver å vekse opp.