For fyrste gong blir Kenneth Steven utgitt på norsk. Steven er frå Dunkeld i Perthshire, Skottland, og er kjend som ein av dei store skotske lyrikarane. Dette utvalet presenterer dikt frå dei fire samlingane Iona, Wild Horses, Columba og Salt and Light. Det er landskapet og menneska i det nordre Skottland som er inspirasjonen for store delar av Kenneth Stevens forfattarskap, og i dikta speglar årstidenes skiftningar, landskap og einskildmenneske kvarandre. Ofte speler det religiøse ei rolle, men det er det daglegdagse som er utgangspunktet for poetens avsløring av det spesielle. Mathias Hoem står for utval og gjendiktning, og Knut Ødegård har skrive etterordet.