Forlaget skriver om denne boka:
Ein katt og ein bukk,
ein gris og ein hane
rødde um mat
og kvar sin vane.
Kva katten, bukken, grisen og hanen har å seie om matvanene sine, kan du lese meir om i denne boka. Du treffer også på andre rare dyr og skapningar, som beveren, tordivelen, ugla, piggsvinet, og ikkje minst: vesle tussalusi.
Det er Olav H. Hauge som har skrive desse dikta. Han var fruktdyrkar i Ulvik, og skreiv mange dikt om det han såg i bygda si og hagen sin. I år er det 100 år sidan Hauge vart fødd.