Forlaget skriv om denne boka:
Har unge indarar som arbeider på call-center noko med oss å gjere? Kvifor mister nordmenn jobben når amerikanarar ikkje klarer å betale lånet sitt? Og kva er samanhengen mellom prisen på kleda våre og barnearbeidarar i Bangladesh?
Med eksempel frå din og min kvardag viser Globaliseringsboka tydeleg og presist kva globalisering er og gjer. Teksten er personleg, engasjerande og morosam, og forfattarTeresa Grøttan har også med bidrag frå mellom andre Jonas Gahr Støre, Knut Nærum, Kristin Clemet og Thomas Hylland Eriksen.