Hauge tok utgangspunkt i bygdelivet og naturen på den eine sida og ein omfattande interesse for internasjonal litteratur på den andre. Hos Hauge går litteraturen og kvardagen i hop. Det er kanskje det som har gjort han til ein av våre mest folkekjære lyrikarar. I «Dikt i samling» finn du Hauges dikt frå dei sju diktsamlingane han gav ut mens han levde, saman med ei rad nye dikt, som han kalla Janglestrå, som vart fletta inn i samleutgåvene frå 1980 og framover.