Bergen Mandolinband er eit femmannsorkester frå Haugesundsområdet, men det var i Bergen dei møttest, derav namnet. Denne gongen er ein del av musikken eigenkomponert, men det meste er folkemusikk - skapt av generasjonar av norske og nordamerikanske bønder og arbeidarar. Tekstane er på nynorsk og haugesundsdialekt og produsert av bandets vokalist, Gaute M. Sortland.