Forlaget skriv om denne boka:
Simon, Garance og Lola, tre søsken som etter alderen burde vere vaksne, stikk av frå eit lite lovande slektsbryllaup. Dei vil heller besøkje yngstebror, Vincent, som har sommarjobb på eit slott i hjartet av Touraine. For ei stund legg dei bak seg tankane om barn og familie, kjærleikssakn og skilsmissesorg og kvardagens kjas for å nyte barndommen igjen, ein siste gong.
Som alltid tar Gavalda også her for seg vennskap og familieforhold, men held seg i format og språkleg spenst nærmare novellene ho debuterte med. Som bonusspor: musikalske trådar frå heile forfattarskapen!
Boka er lett, øm og full av humor. Ho er ein hyllest til søskenkjærleiken, til irriterande svigersøstrer, til musikk av alle slag - og tiul alle franske goder.