Billie veks opp i ein fransk forstad, kor ho må tåle både svolt og slag. Klassekameraten Franck kjem frå heilt andre kår, og då dette umake paret må framføre ei scene frå et teaterstykke på skulen er det ingen som trur at det skal gå bra. Men mot alle odds blir framsyninga ein stor suksess, og eit djupt og varig venskap er etablert. Sidan flyttar dei begge frå forstaden og blir vaksne på kvar sin kant. Mange år seinare treffast dei igjen og bestemmer seg for å flytte saman i Paris, kor Billie arbeider som blomsterhandlar. Under ei utflukt i Cevennene skjer det så noko som skal snu alt på hovudet for dei to.
Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn deisaman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande – akkurat slik vi likar Gavalda best.
«Billie» er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine