COLUMBUS SIGLA FEIL VEG, eit fat med bakteriar blei til penicillin, og Berlinmuren fall ved at ein mann ved namn Günther ikkje visste kva han skulle seie på ein pressekonferanse.
Det er menneskeleg å feile, og mange feil har blitt til strålande suksessar.
Vi seier at det er feil vi lærer av, men likevel bruker vi krefter på å unngå dei, skjule dei, og veit heller ikkje heilt korleis vi skal leve med dei. Enkeltmenneske, bedrifter og organisasjonar blir tappa for energi ved at det blir pirka på alle slags feil, og brukt unødige ressursar på å unngå uviktige mistak.
Perfeksjonismen ligg på oss som ein tung hemsko. Korleis skal vi leve gode liv med alle feila våre?